Arvesynd?

januar 24, 2010 av patriarken

I vestleg kristendom finn ein mange snodige og ubibelske teologiske tankar. Eg kan nemne i fleng, men lèt det vere. Likevel står kanskje læra om arvesynda som det fremste av alle kyrkjelege havari. Ideen om at barn blir fødde med ein ”billett til avgrunnen” har slavebunde menneske sidan Augustins tid på 400-talet.

I Skrifta finn ein sjølvsagt ingen belegg for at menneska blir kasta inn i verda med synd (original sin) – tvert imot. Jehova seier sjølv at; ”Aldri meir vil eg forbanna jorda for menneska skuld” (1. Mos. 8:21) og; ”fedrar skal ikkje lata livet for det borna har gjort, og born ikkje for det fedrane har gjort. Kvar skal døy for si eiga synd” (5. Mos. 24:16).

Bibelen er like klar på at ein først blir syndar i det ein startar å gjere synd – blir medvitne om synd. Mosebøkene seier det slik; ”og småborna dykkar … dei borna som enno ikkje kan skilja godt frå vondt, dei skal koma inn i landet” (5. Mos. 1:39), og profeten; ”For før guten skjønar å vraka det vonde og velja det gode, skal det verta audt i landet …” (Jes. 7:16) (Sjå òg Rom. 9:11).

No er det sjølvsagt mange som er glade i arvesyndslæra. Desse brukar i hovudsak romarane 5:12 og 1. Kor. 15:22 i forsvaret sitt. Det førstnemnde verset fell grunna feilomsetjing frå gresk til latin. På engelsk kan ein seie at tabben gjekk frå gresk ”because of” til latinsk ”in whom” – noko som blir fatalt feil (jf. Meyendorf). Det sistnemnde verset talar om død og ikkje synd (sjå nedanfor).

Nokre kjem også dragande med salmevers som skriftsbelegg (slm. 51:5; 58:3, men det held ikkje sidan desse er i hovudsak lyriske vendingar som må tolkast litterært. Til samanlikning er det vel ingen som har tenkt seg tilbake til mors liv sjølv om Jobs bok seier at; ”naken kom eg frå mors liv, naken fer eg attende”.

Ortodoks kristendom held seg til Bibelens lære om at menneska er ansvarleg for eiga synd – også Adam og Eva. Spørsmålet er heller kva som vart overført, og svaret er døden – ikkje synda (Jf. fr. Hughes). Det er ikkje skuld, men ein tilstand – ein sjukdom – som blir ført vidare (ancestral sin). Jehova vart ikkje fylt med sinne og straffelyst etter syndefallet, men utestengde dei frå hagen av medkjensle.

Kvifor skal ein i så fall døype barn dersom dei ikkje blir fødde inn i verda med ein billett til avgrunnen? Vel, biskop Per Oskar Kjølaas svarar slik på dette spørsmålet; ”Dåpen er i Østkirken en ny start der mennesket igjen får de Åndens gaver som ble tatt fra det i syndefallet. Ethvert nyfødt barn er bærer av gudsbildet og hellig. Men det har ikke Helligåndens gaver. Dem får det i dåpen…”.

…debatt og kommentarar kan de ta her: Den nordisk-katolske kyrkje.

Skilsmål – i eller utanfor Guds rike?

januar 8, 2010 av patriarken

I dagens nettutgåve av Vårt Land kan vi lese om Misjonssambandets Espen Ottosen som seier at det er hjarterått å seie nei til å gifte på nytt menneske som tidlegare er skilde. Eg lyt seie meg hjartans samd med Ottosen i dette.

No kan ein sjølvsagt diskutere i kva grad Bibelen opnar for gjengifte, og problemstillingane er mange. Kva om ein til dømes ikkje er skuld i skilmissa eller om den eine parten ikkje er kristen? Det einaste som er nokolunde sikkert er at enker og enkemenn kan gifte seg på nytt.

Sjølv trur eg mange av problemstillingane forsvinn dersom ein klarar å skilje mellom kven som er innanfor og utanfor Guds rike. Det er ikkje vår sak å dømme i kva som er rett og galt blant heidningane. Vår oppgåve er å gje dei eit møte med frelsaren Jesus Kristus.

Som himmelborgarar er vi derimot pålagde å leve eit liv i tråd med Jesu liv og lære, og skilsmål er utenkjeleg dersom begge partar søkjer Guds rike først. Dessutan kan alt tilgjevast og ein må strekkje seg langt for å hindre samlivsbrot innanfor portane.

Vil han då finne trua på jorda?

januar 3, 2010 av patriarken

I dag var eg til gudsteneste i Mariakyrkja i Bergen. Dette var siste høgmessa der før kyrkja blir stengd for oppussing. Om ho nokon gong blir opna igjen, er uvisst. Kyrkja var i alle høve full av menneske av alle kategoriar som var der sikkert meir av plikt og tradisjon enn av gudsliv.

Under gudstenesta kom eg i tankar over orda i Lukasevangeliet: ”Men når Menneskesonen kjem, skal han då finna trua på jorda?” (Luk. 18:8). Verset var nok mynta på meg sjølv, for eg innsåg at også eg ville eg ende opp som ein av desse kyrkjegjengarane som har kome til tru forgjeves.

Trua vår er aktiv. Om ho ikkje er det, er ho død og vi framleis på fortapingsvegen, for vi kan ikkje kalle Jesus Herre utan å underordne oss Kristi autoritet (Luk. 6:46). Å forkynne om eit liv i radikal etterfølging og sjølv leve eit liv som ein moderat heidning er å bomme på målet.

Eg har ein draum om at den dagen eg døyr, skal ryktet mitt vere at ”han var sanneleg ein gudsmann”. Det krev sjølvsagt intensiv brannslokking, opprydning og karakterbygging, og jobben lyt starte omgåande om det skal lukkast. Årets nyttårsforsett blir difor å finne tilbake til Faderen.

Økumenikken har brote laus!

oktober 29, 2009 av patriarken

8434_192045350358_694355358_4361157_3249720_nBoka mi “Økumenikken har brote laus!” er no i butikken.

Boka er ei samling med satiriske tekstar og gjev eit bilete av vandringa mi frå yttarste karismatiske krinsar til eg no er i Den nordisk-katolske kyrkja. På vaskesetelen står det slik:

Gjennom ei rekkje satiriske tekstar får både katolske og protestantiske, så vel som ortodokse og karismatiske krinsar, testa sine særeigne trekk mot forfattarens skarpe blikk og muntre penn. Sjølvutnemnde profetar, framstormande evangelistar og trusrørsla sine mange fikse idear blir òg brakt til treskeplassen. Ringside kan lesaren lett få kyrkjekaffien i vrangstrupen i møte med forfattarens eigne tankar om menneskelege lastar, klosterrørsle, moderne krosstog og eksorsisme.

Erfaringar frå si eiga trusvandring gjev forfattaren truverde og tekstane tyngde, og han skriv sjeldan friskt og humørfylt. Kombinasjonen gjer denne boka til eit artig – men viktig – innspel i dagens kyrkjedebatt der «økumenikken har brote laus».

Roy-Olav T. Øien er nordfjording busett i Bergen. Han er utdanna historikar og jobbar som lektor ved Åsane videregående skole. Øien har lang fartstid i karismatiske rørsler, men er i dag aktiv som subdiakon ved Den nordisk-katolske kyrkja.

Så løp og kjøp anten på www.efremforlag.no, send meg ein e-post eller bestill ho gjennom din lokale bokhandel.

Frå Östanbäcks kloster

oktober 8, 2009 av patriarken

Så står eg på klostertunet med ein kopp kaffi i handa. Klokka er 05.15, og eg er nett komen ut av kyrkja etter to tidebøner. Det er stjerneklart, og månen lyser veg mot gjestehuset. Eg drikk kaffien min mens eg stirer mot himmelen.

Før i tida måtte Gud spele på lag med meg. Han måtte stille opp når eg hadde tid til å be, prate når eg var ferdig og svare på bønene mine slik eg ville. I dag er det eg som møter opp når han er til stades. Det er vel sakramentalt.

To timar seinare står eg atter på tunet med ein kopp kaffi i neven. Sola er no i ferd med å feste grepet om tretoppane, og morgonskodda på åkrane rundt klosteret skjønar ho lyt vike for varmare tider. Messa og frukosten er unnagjort.

Eg tenkjer enno på klemmen eg fekk av ein av klosterbrørne under fredshelsinga etter nattverden. Den inderlege og oppriktige kjærleiken kvepte meg med sitt grep om mitt flakkande hjarte. Berre Kristus kan elske slik.

Så nærmar klokka seg ni og det er tidebøn igjen. På nytt blir tankane mine fanga inn av Guds ønskje om å møte meg. Eg lèt drøs vere drøs, tek på meg sko, jakke og hue og traskar ut i den duggfriske morgonen.

Det kan vere lurt ikkje å vere for lenge i eit kloster. Når striden har lagt seg, freden funnen og du kjenner deg heime, er det på tide å pakke sekken. Klosteret er staden for å tenkje ferdig tankar, og late dei vere attende når ein reiser heim.

Skrifta fortel at den dagen Kristus vart krossfesten var der frå den sjette til den niande timen eit mørke over heile landet. På Östanbäcks kloster er det i desse skjebnetimane stilla som fyller heim og mark. Der er noko i lufta.

Alle kristne burde lese den boka eg sjølv har lese mens eg har vore i Sverige. Kanskje burde eg kjøpe ein bunke og dele ut til alle eg møter, men diverre vil dei nok ikkje forstå. Truleg var ho skriven berre for meg.

Klokka to er det non-tidebøn. Ein minnast den niande timen og stunda då Meisteren døydde på krossen. Han døydde ikkje for å blidgjere ein sint Gud, men for av eigen fri vilje ofre seg for menneska si frelse. Vi var alle til stades der på krossen.

Eg går meg ein tur i solskinet. Alle mine personlege bøner har ebba ut, for i møte med salmar og kyrkjebøner blir ordforrådet mitt for magert. Mens eg traskar i det flate svenske landskapet, held eg meg til Jesusbøna.

Halv seks er det Vesper etterfølgt av kveldsmat og Completorium. Desse to tidebønene kjem samstundes som mørkret og månen igjen melder sin interesse for det svenske klosteret. Slik fell roen atter over området og ein klosterdag blir natt.

Og slik har dagane mine gått i klosteret; Herren har “mätta mitt begär med sitt goda”. (For bilete sjå her)

Likevel håp for Den norske kyrkja?

september 18, 2009 av patriarken

Motstanden mot ny norsk salmebok i Den norske kyrkja aukar. Sist ut er Bjørgvin bispedøme. Seksjonsleiar Tore Skjæveland ved bispedømekontoret seier til Vårt Land at; ”vi ser rett og slett ikkje trongen for ei ny salmebok”.

Tidlegare har Agder og Telemark bispedømeråd, ei mengde organistar, preses blant biskopane og Norsk hymnologisk foreining sagt ”nei takk”. Årsaka er stort sett den same; ein ser rett og slett ikkje behovet for ny salmebok.

Utspela overraskar meg. Med tanke på sekulariseringa innan Den norske kyrkja; utvatninga av kristendomen og overgangen til folkereligion, burde det vere sjølvsagt med endring av salmeboka. Ut med Jesus og inn med musevisa, englevenger, Øverland og Bjørn Eidsvåg.

…viser motstanden at det faktisk er håp for Den norske kyrkja?

Kan ein be for fotballag?

september 11, 2009 av patriarken

Fleire aviser melder no at det er krise i fotballklubben Ham-Kam. Dei er to på poeng frå nedtrykk til 2. divisjon, og måndag kl 19.00 kan laget vere konkurs. To millionar kroner må på plass omgåande elles er det kroken på døra.

Som mangeårig Ham-Kam supporter er det tunge tider om dagen, og spørsmålet eg stiller meg er om det er det lov å be for fotballklubbar?

I eller utanfor Guds rike?

september 7, 2009 av patriarken

Ap-generalen Martin Kolberg vart provosert i debatten om ekteskapslova i pinsekyrkja Filadelfia i Oslo i helga. Grunnen var unødvendig provokasjon frå møteleiaren. Sjølv er eg heilt samd med Kolberg, men ikkje av same grunn.

Utanfor kyrkja må menneske få gjere som dei vil. Om dei ønskjer å gifte seg med ein, to eller tre, spelar mindre rolle for meg. Dei må òg gje seg i kast med elefantar, hestar og andre dyr dersom det freistar meir. 

Blir dei derimot kristne – omvender seg og lét seg døype til Jesu Kristi namn – kan dei få borgarskap i Guds rike, men her er det andre lover som gjeld. Desse lovene seier noko om rett og gale, set krav til livsstil og er definerte av Heilaganden gjennom kyrkja og tradisjonen.

Om ein ikkje rettar seg etter desse lovene, er der nok ingen veg inn til Himmelriket. Eit ord som er blitt særleg treffande inn i midt liv i den seinare tida; er Luk. 9:62: “Ingen som har lagt handa på plogen og så ser seg tilbake, er skikka for Guds rike”.

Vi trur deg, Kristin…

september 3, 2009 av patriarken

Kristin Halvorsen sin personlege vendetta mot staten Israel held fram, og det siste skotet på stammen er at ho stengjer ute eit israelsk selskap frå Oljefondet. Sjølv hevdar ho at det ikkje har noko med nasjonaliteten til føretaket, og vi trur henne sjølvsagt på det.

Selskapet som er utestengt leverte overvakningssystem til den omstridde ”muren” kring Vestbreidda. Slik sett var dei heilt i leiinga med verksemda si, for Skrifta seier jo at; ”På murane dine, Jerusalem, har eg sett vaktmenn” (Jes. 62: 6).

Whose feet do you wash?

september 3, 2009 av patriarken

Klosterrørsla som vaks fram i Lilleasia på 300-talet hadde to fokusområde; bøn og velgjerdsarbeid. Det var med det utgangspunktet kyrkjefaderen Basil den store spurde: ”Whose feet do you wash? I dag er dette blasfemi mot populærreligionen, for her skal vi ikkje ein gang handhelse.

Dette får meg til å tenkje på Jesu møte med den spedalske mannen der Meisteren ”rette ut handa og rørte ved han”. Det kunne vore interessant å vite kva statsreligionsprestane ville gjort i den situasjonen? Svaret ser vel ut til å vere at dei hadde ofra mannens lækjedom for eigen helse og velvære.